Vi har lansert vårt nye medlemsprogram ultiMATE som gir eksklusive rabatter og fordeler, og mer!

DRAGONBLOOD

Ein motivational, drake-inspirert fantasy festival av ONLY SLIME med NEKO3, Team Rolfes, Kevin He, DJ Trick, Dragongirl og Frida Marida🩸⚔️🩸

13. september 2025
120–330 kr

Visninger og billetter

DRAGONBLOOD er ein portal inn i ei anna tid. Ein feberdraum. Når du går derifrå, vil du ikkje vere den same.

Velkomen til DRAGONBLOOD – ein sjangeroverskridande festival i ei spelinspirert fantasiverd. Her inviterer drakar, feer, magikarar og gjesteartistar frå heile verda deg med på ei oppslukande, emosjonell reise.🕯️🪞

Med ein miks av klubbkultur, rollespel, opera, popkonsertar, spådom og historieforteljing, er DRAGONBLOOD ei natt fylt med sverdkamp, digitale balladar, magiske eliksirar, falne englar – og ein motiverande Drake som er blitt kalla fram.

Det kunstnariske kollektivet ONLY SLIME, grunnlagt av Tobi Pfeil og Claudia Cox, er for tida i residens på Det Norske Teatret, Scene 3. Ultima har gitt dei frie tøylar til å kuratere ein festival-i-festivalen, 13.–20. september.

Med seg har dei eit handplukka lag beståande av NEKO3 (DK), Team Rolfes (US), Kevin Peter He (CN), DJ Trick (US), Dragongirl (NO), Frida Marida (LBN) og skodespelarar frå teatret. Dei trer inn i DRAGONBLOOD sitt digitale univers på ulike tidspunkt i veka. 🧝‍♀️🌿🔮🐺👁️🌘

Sjå Det Norske Teatret sine nettsider for speletider og oppdateringar.

Program

Kvar kveld er det ulike artistar som er med i framsyninga.

Her er eit oversyn over kven som er med når:

  • 13/09. DRAGONBLOOD featuring: special guest (TBA)
  • 16/09. DRAGONBLOOD featuring: Team Rolfes’ 321 Rule, Kevin Peter He & DJ Trick (US)
  • 17/09. DRAGONBLOOD featuring: Team Rolfes’ 321 Rule, Kevin Peter He & DJ Trick (US)
  • 18/09. DRAGONBLOOD featuring: YOHAN - Music of the Mind
  • 19/09. ONLY SLIME, NEKO3 & DRAGONGIRL presenterer: Magisk Aftan. Dette blir ein heilt spesiell kveld, med fokus på musikk, der artistane vil spele black metal-ritualet BLACK MAGIC.
  • 20/09. DRAGONBLOOD featuring: The Frida Marida Show

Kunstnersamtale: ONLY SLIME og Team Rolfes

15. september 14.00 – 15:00 Det Norske Teatret I Scene 3

Det Norske Teatret og ONLY SLIME inviterer til en samtale med Team Rolfes, de New York-baserte pionerer innen virtuell scenekunst. Kjent for samarbeid med artister som Lady Gaga, Arca og BLACKPINK, deler de her sin kreative prosess i en samtale ledet av ONLY SLIME.

ONLY SLIME. Foto: Helge Brekke

Fra ONLY SLIME sin residens på Scene 3. Foto: Det Norske Teatret

NEKO3. Foto: Aisha Irma

Yohan. Foto: Thomas Gallagher

Team Rolfes. Foto: Team Rolfes

Dragongirl. Foto: RAT TV

Frida Marida. Foto: Franziska Keene

Fra ONLY SLIME sin residens på Scene 3. Foto: Det Norske Teatret

I samarbeid med

  • ONLY SLIME
  • Det Norske Teatret
  • Masahat Festival

Støtta av

  • Kulturrådet
  • Fond for lyd og bilete
  • ULYSSES-plattformen, med støtte fra Den europeiske union
  • Sparebankstiftelsen DNB